KI 2629 Bestille add-on lisenser M365
(oppdatert )
Generelt om bestilling av add-on lisenser
Tilleggslisensar vert bestilte av din lokale innkjøpar gjennom innkjøpssystemet. Etter at kjøpet er gjennomført, kan IT-avdelinga tildele lisensen til brukarkontoen din.Slik går du fram etter at lisens er kjøpt inn:
- Opprett ei sak i hjelpesystemet der du spesifiserer kva lisens som er kjøpt (eller skal kjøpast), og kven han skal tildelast. Gje gjerne opp referanse til bestillinga.
- Saka vert handsama av IT-avdelinga, som tildelar lisensen.
- Når lisensen er tildelt, vil han normalt vere aktiv i løpet av kort tid (~1t).
Særskilt for M365 Copilot Premium
Prosessen for å få Copilot-lisens er todelt og skjer i UiBtilgang:- Bli «Copilot-klar»: Du må først gå inn i UiBtilgang og stadfeste at du oppfyller krava til bruk. Sjå KI 3215 for meir informasjon om kva desse krava inneber.
- Bestilling: Når du har erklært deg lar, kan du bestille lisensen direkte i same portal. Bestillinga vert sendt til din næraste leiar for godkjenning.
Denne lisensen blir kjøpt inn sentralt og fakturert internt basert på kven som har fått den tildelt.